About Skjolden
Om Skjolden
I den inste fjordbotnen der fjella i Breheimen og Jotunheimen møter fjorden, ligg tettstaden Skjolden. Her endar Lustrafjorden som er ein del av Sognefjorden. Her startar Sognefjorden som er Noregs lengste og djupaste fjord med sine 205 km ut til den møter Nordsjøen. Den er om lag 1303 m på sitt djupaste. Her reiser det seg mektige og majestetiske fjell seg. Spektakulære fossefall renn nedetter dei stupbratte fjellsidene som omkransa Skjolden. Mange av desse kjem til syne etter langvarig regnvêr eller i snøsmeltinga om våren. Her møtes to dalføre som kjem ned i frå høgfjellet. Mørkridsdalen kjem ned i frå Breheimen og Fortunsdalen som kjem i frå vest Jotunheimen og Breheimen.
Desse to dalføra har kvart sit vassdrag; Mørkrisvassdraget som kjem frå nord og Fortunsvassdraget som kjem i frå aust. Skjolden ligg på tangen mellom desse to vassdraga. Namnet kjem av at dette området ser ut som eit skjold i fugleperspektiv.
Når isen stod stille over tid danna det seg endemorenar, desse er omlag 9500 år gamle. Den største endemorene finn me midt på Skjolden.
Det kom ned bretunger både i frå Mørkridsdalen og Fortunsdalen. Mellom vart sidemorene avsett langa breane som kom ned. Desse vart danna i likevektslinja. Denne morena var danna under vatn, sidan havnivået sto 105 meter høgre på denne tida.
I dag vert den kalla Bolstadmoen, den demde opp Eidsvatnet, noko som den fortsett gjer. Morena strekte seg over til Eide og enda i fjellsida ved Eidsneset Det har vore ein tilsvarande morene som har demde opp nedre delar av Mørkridsdalen. Denne morena ser ein restar av i dag, Meljaneset, den gjekk over å dekte Flohaug og Bolstad og enda oppe på Fløyen, elva har greve seg i gjennom den opp igjennom årtusna. Desse morene vart til i ein klimaperiode etter siste istid, ca. 11700–10200 år sidan, som vert kalla preboreal tid. Den siste kilometeren er Mørkriselvi ei meandrerende elv. Det vil sei at den har fleire vide svingar i elveløpet i eit flatt landskap.
Område Skjolden var opphavleg ein allmenning for Bolstadgardane, og alle dei andre gardane i Mørkridsdalen. Namnet er svært gammalt, kor tid ein tok til å nytta dette namnet på denne tangen seier historia ingenting om. Det gjekk gamle ferdslevegar oppgjennom Mørkridsdalen og Fortunsdalen over til dei øvre fjellbygdene i Nord Gudbrandsdalen. Så område her i fjordbotnen må ha hatt ein sentral rolle for denne trafikken. Slik har Skjolden gjennom århundra vore eit knutepunkt mellom folket busett i innlandet og resten av verda.
På garden Eide vart det i frå 1690-åra drive gjestgjeveri og landhandel her. Dette tok slutt i 1793 då dåverande eigar fall i frå. Dette vart eit stort sakn for området.
Dette ville Hartvig Irgens gjera noko med så han tok til å kjøpa opp strandsitjar plassar med tanke for å driva med gjestgjeveri og landhandleri her. Dei første kjøpa tok til i 1806. Dei første som busette seg her på tangen var strandsitjarane og det skjedde på 1600-tallet. Men verken han eller etterfylgjaren hans kom til å busetja seg her på Skjolden. Det gjekk heilt fram til 1818 før det vart sett opp ein bygning her som det var både gjestgjeveri og landhandleri i. Denne bygninga var i bruk heilt fram til det vart sett opp ny hotellbygning her i 1912.
Skjolden har i dag om lag 250 innbyggjarar. Hovudnæringa er landbruk, turistnæringa har også ei sentral rolle i bygda. Her finnes hotell, campingplassar, serveringsstader og ei bedrift som produserer eplejuice og sider.
Bygda er også eit paradis for den som vil på vandring i Breheimen, Jotunheimen og Jostedalen. Her eit godt utgangspunkt for dei mange merka stiane som finnes i område. Her får du oppleva frodige dalar og brusande fossefall. Du får også oppleva Jotunheimens alpine toppar, dei høgste i Nord Europa. Isbreane strekkjer sine tunger nedover fjellsidene i Jostedalen og på Sognefjellet. Eit mektig skoe om ettermiddagane når det låge sollyset vert reflektert av blåisen i brefalla. Etter vandringa kan du slappa av nede ved den rolege og idylliske Lustrafjorden.
Når hausten kjem eksploderer fjellandskapet inn i ein symfoni av livlege fargar, får ein ei ugløymande stund på sin vandring.
I dag er også Skjolden kjend i filosofikretsar som staden der Ludwig Josef Johann Wittgenstein, ein berømt austerrisk filosof, sat å skreiv på manuset til logisk-filosofisk avhandling (Logisch-philosofische Abhandling) og Filosofiske undersøkingar (Philosofische Undersuchungen). Han kom første gongen til Skjolden oktober 1913. Her såg han seg om etter ein plass som han kunne setja seg opp eit hytte, som låg stilt og usjenert til. Den plassen fant han i Neshaugen i enden av Eidsvatnet. der vart hytta reist i 1914 -15.