Yachten Nereid
Cruise
Var dette den første turistbåten som kom inn til Skjolden?
Sommaren 1866 ankra det opp ein skonnert utanfor Skjolden. Truleg var det i månadsskifte Juli/august at den kom inn fjorden. Yachten Nereid som hadde funne vegen inn i Lustrafjorden. Den hadde truleg med seg eit lite dampskip som slepte den når det var vindstille. Skonnerten Nereid hadde eit mannskap på tretten personar. Seglskipet var nok eit syn når den kom innetter fjorden. Turen hadde starta i Stavanger og gjekk opp til Sognefjorden og inn etter den. Det var med ein los i frå Stavanger.
Eigar var Edward Backhouse og han hadde med seg fem i frå familien sin om bord. Dette var nok dei første turistane som kom seglande inn til Skjolden på eigen kjøl. Edward hadde nok vore med faren, James Backhouse, på seglingar Noreg før. Faren hadde vore i Noreg tre gonge før 1851, 1853 og 1860. Bl.a. nevøen Edward Backhouse Mounsey var med på turen, det er han som tok bileta. Han hadde med seg ein som lærde han teknikken å fotografera på glasplater. Eg har funne tre blider i frå denne turen som er i frå Luster, eit som viser utsikta heimover dalen i frå Alsmo, eit som viser Myklemyr sett i frå Knippeneset. Eit bilde frå Skjolden som viser huset som sto på kaien på Eidssida. Det var ei sjøbu og eit bustadhus som var samanbygd. Tomas Drægni hadde fått løyve til å setja bygget opp av eigaren på garden, Anna Sulheim. Han sette opp bygget rundt 1854 og budde her til han flytte over elva til Skjolden 1868. Han dreiv handel her.
Familien var kvekarar og dei misjonerte nok under turen, men kor mykje Skjoldingane forstod av det engelske språket er vel ei anna sak. Edward Backhouse var grunnleggar av Backhouse Bank i Sunderland som seinare vart slått saman med Barclays Bank, den store kvekarbanken som i dag er Englands tredje største bank.
Skjolden og Jostedal